Bakgrunn

Frå IKT-Strategi: Vidaregåande skular i Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Bakgrunn for strategiplanen

Pedagogisk IKT - strategiplan 2010-2011

Arbeidsgruppe:

Toril Natvik, Eid vgs. (leiar) Magne Frøholm, Hafstad vgs. (e-pedagog) Anders Hestetun, Årdal vgs. (IKT-ansvarleg) Danuta Kwiatovska (Lærar) Tom Sølve/Frode Kyrkjebø (sekretær) Elev frå Sogndal (elev)

Mandat: Det vert sett i gang strategiarbeid for pedagogisk bruk av IKT i opplæringssektoren. Arbeidet har følgjande mandat:

Strategiarbeidet skal med utgangspunkt i overordna styringsdokument setje mål, strategiar og tiltak for pedagogisk bruk av IKT i opplæringa i 2010-2011.

Arbeidet skal ut frå dette innehalde: - Visjon og hovudmål - Overordna strategiar - Tiltak som er felles for opplæringssektoren i Sogn og Fjordane - Prioriterte tiltak for kvar enkelt vidaregåande skule i samsvar med skulane sin utviklingsplan

Arbeidet skal ut i frå mandatet vise: - Korleis skape ei heilskapleg digital satsing - Korleis skape ein IKT-kompetent skule - Korleis auke lærarar og instruktørar/fagleg leiarar sin digitale kompetanse - Korleis auke elevar og lærlingar sin digitale kompetanse - Korleis skape ein delingskultur - Korleis redusere dei digitale skilja

Tidsplan: - Oppstart arbeidsgruppe medio august 2009 - Planarbeid i arbeidsgruppa august - desember 2009 - Høyring januar-februar 2010 - Sluttføring før politisk handsaming - Politisk handsaming HO mars 2010 (evt. HO februar, FT mars)

Personlege verktøy