Forslag

Frå IKT-Strategi: Vidaregåande skular i Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

Strategi og tiltak (Forslag til kopling)

Bruk av IKT skal vere ein naturleg og integrert del av opplæringa

  • Halde fram med epedagogressursane
  • Opprette wiki med pedagogisk IKT-strategiplan. Alle har høve til å vere med på å forme Sogn og Fjordane fylkeskommune sin framtidige ikt-strategi.
  • Sørge for systematisk samarbeid mellom IKT-drift, skuleeigar og kvar enkelt skule for å eliminere tekniske problemstillingar.
  • Auka ressurs til IKT-ansvarlege ved alle skular
  • Digital leiingskompetanse, gjennomføring av skuleutviklingsprogram for skuleleiarar, t.d. ITU Mentor i regi av ITU.
  • Bruke fagnettverka til å utarbeide strategiar for digital satsing i kvart enkelt fag.
  • Utvikle skulen sin eigen IKT-plan i samsvar med gjeldande plandokument.

Vi skal fjerne digitale skiljer i skulen

  • Halde fram med epedagogressursane
  • Tilby etter- og vidareutdanning til kvar einskild skule.
  • Grundig evaluering av den digitale satsinga ved å bruke digitale spørjeskjema til alle elevar, lærarar og elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket.
  • Felles konferanse i 2010, oppfølging av konferansen i 2009 ”Er du klar for det digitale løftet”
  • Vidareføring av satsing på sentral Fronter-ressurs som skal hjelpe og rettleiie skulane i bruk av Fronter i det pedagogiske arbeidet.
  • Delta på etter- og vidareutdanning i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Bruke epedagogane til å jamne ut dei digitale skilja til dei tilsette ved å bruke kollegarettleiing.
  • Delta på nasjonale og internasjonale konferansar som t.d. NKUL, Skolen i digital utvikling, BETT m.fl.
  • Produsere og ta i bruk skjermvideoar for felles deling (Fronter, TeacherTube el. Likn)

Vi skal gjere oss nytte av den teknologien som finst

  • Alle må få tilgang til same verktøya og same kompetansen.
  • I større grad ta i bruk digitale læringsressursar ved at epedagogane jobbar med kollegarettleiing på kvar enkelt skule.
  • I større grad nytte videokonferansar og internett til undervisningsføremål. På denne måten vil ein kunne tilby fleire fag på mindre skular.

Skulen skal vere prega av ein delingskultur

  • Vurdere om ein skal delta i eller ta ansvar for nye fagredaksjonar når desse vert lyst ut av NDLA.
  • Delta i delingsnettverk som til dømes http://delogbruk.no og NDLA sin delingsarena(Lag2). (Denne er ikkje offisiel lansert enno.)
Personlege verktøy