Hovudside
Frå IKT-Strategi: Vidaregåande skular i Sogn og Fjordane
Viktig informasjon
Sjå bakgrunn og mandat her
Denne wikien er arbeidsreiskapen til gruppa som skal jobbe med pedagogisk IKT-strategi. Det arbeidet som vert presentert er i prosessfasen og må difor sjåast på som eit utkast. Alle som les dette har høve til å vere med på å utforme strategien ved å endre dokumentet eller komme med kommentarar.
For å endre på innhaldet må du vere innlogga.
Klikk her for å opprette ein brukarkonto.
Klikk her for å logge inn med eksisterande brukarkonto.
Prosjektgruppa vil vurdere alle forslag som kjem og ende opp med eit høyringsutkast som vert sendt ut til alle skulane. For å kome med eit forslag kan du anten redigere direkte i hovuddokumentet, eller om du er usikker på kvar ditt forslag høyrer heime, kan du legge det i "forslagskassa"
Verktykasse
Vi har ikkje henvist til spesifikke læringsressursar i strategiplanen. I verktykassa vil vi lage ein oversikt over aktuelle verkty ein kan nytte i undervisninga. Vi skil mellom klientverkty og webverkty, lisensierte tenester og friprogtenester.
Møtereferat
Møtereferat 17.11 - Telefonmøte 2 timar
Møtereferat & Sakliste 08.11 - Telefonmøte
Møtereferat 15.12 - Videkonferanse 2 timar
Møtereferat 06.01.10 - Telefonmøte 1 time
Møtereferat 19.01.10 - Fysisk møte, Skei servicesenter
Pedagogisk IKT-strategiplan 2010 - 2014
Forord
[Forordet kjem når planen er utarbeida]
Forankring
Den pedagogiske IKT-satsinga i Sogn og Fjordane er forankra i overordna styringsdokument som fylkesplanen, mål- og strategidokumentet ”Rom for alle, syn for den enkelte”, St.meld. nr. 30 (2003-2004) "Kultur for læring" og Kunnskapsløftet. Ei satsing på IKT har til no vore element i den heilskaplege strategien, men frå 2010 vil dette også vere å finne i denne strategiplanen som har eit meir utvida fokus på ikt og digital kompetanse. Den digitale satsinga er mellom anna nemnt fleire stader i mål- og styringsdokumentet. Ein har mellom anna framheva:
For å kunne møte kompleksiteten og dei raske endringane i informasjonssamfunnet må det uviklast ein felles digital kultur for læring. Digital kompetanse er eit nøkkelomgrep i den nasjonale satsinga på IKT i opplæringa. Å integrere IKT i opplæringa inneber at alle elevar får høve til å utvikle den digitale kompetansen dei treng for å nå personlege mål og for å vere interaktive deltakarar i eit globalt informasjonssamfunn.
Både Stortingsmelding 30 og Kunnskapsløftet understrekar fem grunnleggjande ferdigheitar; å kunne uttrykkje seg munnleg, å kunne lese, å kunne uttrykkje seg skriftleg, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verkty. For å nå dette må IKT integrerast som ein naturleg del av opplæringa, noko som berre kan gjerast ved å jobbe parallelt med desse punkta:
- Utstyr og infrastruktur
- Kompetanseheving
- Digitale læremiddel
- Pedagogikk
Den digitale kompetansen er sterkt knytt til ein kompetanse som handlar om sjølvrefleksjon, digital danning og kreative innfallsvinklar til læring og kunnskap. Alle barn og unge må få høve til å utvikle ein samla kompetanse som gjer at dei kan meistre ein digital kvardag i både utdanning, arbeid og kvardagsliv. Dette er avgjerande for å nå målet med opplæringa om å "...ruste barn, unge og vaksne til å møte livsens oppgåver og meistre utfordringar saman med andre. Ho skal gi kvar elev kompetanse til å ta hand om seg sjølv og sitt liv, og samtidig overskott og vilje til å vere andre til hjelp". Den teknologiske utviklinga medfører eit arbeidsliv i stadig endring, noko som stiller store krav til skulen i å ha eit innhald og ei utforming som gjer elevane "...kompetanse til å meistre skiftande omgivnader og ei ukjend framtid. Opplæringa skal kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv, og gi grunnlag for seinare i livet å kunne gå inn i yrke som enno ikkje er skapte". For at opplæringa skal gje elevar og lærlingar "...lyst på livet, mot til å gå laus på det og ønske om å bruke og utvikle vidare det dei lærer", må skulen redusere avstanden mellom det som skjer i skulen og samfunnet ellers, inkludert innafor den digitale utviklinga.
"Skolens oppgave er å dra nytte av elevenes erfaringer fra lek og spill i livet utenom skolen til og gjøre det gyldig for et teknologirettet arbeidsliv (Solli 2005:140)".
I denne strategiplanen er visjonane og målsetjingane fireårige, medan strategiane og tiltaka skal rullerast årleg. På denne måten har vi ei fast leiestjerne, men har høve til å endre kursen for å nå målet undervegs. Utviklinga innan IKT går så fort at det vil vere umogleg for oss å konkretisere tiltak som skal skje om fire år. Målet er at planen skal vere eit bidrag til eit samarbeid mellom skuleeigar og kvar enkelt skule om ei heilskapleg skuleutvikling.
Kva er digital kompetanse?
Dei siste åra har det vore eit rikt tilfang av ulike definisjonar av digital kompetanse. Kunnskapsdepartementet har definert digital kompetanse som den kompetansen som byggjer bru mellom dugleikar som å lese, skrive og rekne og den kompetansen som vert krevja for å ta i bruk nye digitale verkty og medium på ein kreativ og kritisk måte. ITU definerar digital kompetanse meir avgrensa som "...ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet” (ITU, 2005). Ofte har definisjonane av digital kompetanse vore fokusert på anten den kompetansen lærarar eller elevar må ha. Samstundes er det eit auka fokus på digital kompetanse for borgaren. Alle som skal delta i samfunnet må ha ein viss grad av digital kompetanse.
Fokuset i denne planen er på korleis våre elevar og lærlingar kan verte rusta til å meistre den digitale kvardagen. For å meistre den digitale kvardagen må ein ha kjennskap til og kunne gjere seg nytte av grunnleggande digitale reiskapar og vere digitalt danna.
- Dei digitale reiskapane inkluderar eit breitt spekter av verktøy. Dette spekteret inkluderar mellom anna å kunne gjere seg nytte av offentlege digitale tenester, nettbank, kommunikasjon og samhandling via verdsveven, nytte mobiltelefon med mellom anna MMS både privat og i jobbsamanheng. Samt å vite korleis ein skal tileigne seg ny kunnskap om digitale reiskapar.
- Å vere digitalt danna innebærer å kunne vurdere, bruke og skape gjennom digitale reiskapar.
Ei viktig presisering av digital kompetanse er at det ikkje er snakk om ein kompetanse som er digital, men ein kompetanse i å nytte IKT og fungere i dei digitaliserte delane av samfunnet (ITU monitor 2007). Konsekvensen av denne forståinga er at digital kompetanse må forståast langs eit kontinuum, og at digital kompetanse er ein samansett kompetanse der det er vanskeleg til ei kvar tid å operasjonalisere kva kunnskapar ein må kunne. Omgrepet omfattar både tekniske dugleikar, digital danning, kjeldekritikk, å kunne ta inn over seg, omarbeide, nytte og produsere kunnskap og informasjon gjennom digitale medium og utstyr. Digital kompetanse bør forståast som ein kombinasjon av tekniske, kognitive og sosiale dugleikar som ein kan nytte i ulike situasjonar med ulike oppgåver og utfordringar (som for alle dei andre grunnleggande dugleikane) (Lankshear og Knobel 2006).
Litteratur: Lankshear, C. and Knobel, M. (2006). New Literacies: Everyday Practices and Classroom Learning (second edition). Maidenhead and New York: Open University Press.
Bakgrunn
Samfunnsutviklinga
Endringane i samfunnet sidan den industrielle revolusjonen har vore enorme, ikkje minst på det teknologiske området. IKT er over alt og er blitt uungåeleg og uunverleg. Det vert stilt stadig større krav til at vi meistrar og drar nytte av IKT på ein fullverdig måte. Kunnskapsløftet slår fast at digital kompetanse er like viktig som lesing, rekning og å kunne uttrykke seg munnleg og skriftleg. IKT er blitt ein basisdugleik som ein person treng for å kunne fungere i samfunnet. Tidsbruken til dagens ungdom (screenagers) tilseier denne tidsbruken:
- 15.000 timer til formell utdanning
- 20.000 timer framfor tv,
- 50.000 timer framfor PC-skjermen
(New Millenium Learners (OECD))
IKT som basisdugleik vert også framheva som avgjerande for framtidas yrkesutøvar og for fagopplæringa. Det står mellom anna i NOU 18 (2008) "Fagopplæring for framtida":
- "Med teknologisk utvikling i framtida tenker en ofte på områder som IKT, nanoteknologi og avanserte framskritt innenfor medisinen. På disse områdene ser det ut til at vi står på terskelen til utviklingssprang som det er umulig å forutse konsekvensene av, bortsett fra at vi vil ha behov for ny og høy kompetanse for å kunne bidra i utviklingen og for å kunne anvende nyvinningene. Men den teknologiske utviklingen har hatt og vil få betydning for alle områder i vårt moderne samfunn. Det er lettest å se teknologiutviklingen innenfor mekanikk og elektronikk. Likevel er det ingen bransjer eller områder som ikke blir påvirket av teknologiske nyvinninger" (s. 62). "Felles for mange yrker i dag er et økende behov for bruk av digitale hjelpemidler, elektronikk og prosesstyring" (s. 73). [1]
Den digitalt-kompetente skule
Det er fleire kjenneteikn på ein digitalt kompetent skule. Illustrasjonen under (Erstad, 2005) viser kva for rammefaktorar som kjenneteikner ein digitalt kompetent skule. Til saman vil desse faktorane gi indikasjonar på i kva for grad skulen er digitalt kompetent. Det er viktig å sjå på korleis lærarar og elevar forstår og ser moglegheitene i teknologien og læringspotensialet den representerer. Den digitale kompetansen er mellom anna framheva i St.meld. nr. 31 (2007-2008) Kvalitet i skolen[2], der det mellom anna er nemnt:
"... og informasjonsteknologien må ha en plass i skolen som gjenspeiler den sentrale samfunnsmessige betydningen av IKT. Alle elever må sikres like muligheter for å utvikle sine digitale ferdigheter, uavhengig av hjemmene." (s. 73).
Digitale skilje
Det er eit nasjonalt politisk mål å motverke dei digitale skilja i norsk skule (Jf. St.meld. nr. 31 (2007-2008), side 73). Omgrepet digitale skilje vert ofte nytta om ulike fenomen, noko som gjer det naudsynt med ei omgrepsavklaring. Vi skil mellom to hovudformar for digitale skilje. Skilje mellom skular og mellom bedrifter, og skilje mellom elevar og lærlingar.
- Skilje mellom skular og mellom bedrifter
- Mellom anna ITU har avdekka store skilnadar mellom skular med omsyn til tilgang på digitalt utstyr, ein naudsynt føresetnad for å kunne nytte IKT til pedagogisk bruk. Sjølv om tilgangen på utstyr har jamna seg ut dei seinare åra er dei digitale skilja mellom skular framleis tilstades. Skilja vert mellom anna oppretthalde av i kva grad kvar enkelt skule er i stand til å integrere IKT i opplæringa.
- Den teknologiske utviklinga medfører også store skilje mellom bedrifter med omsyn til i kva grad ein tek i bruk teknologien. Dei digitale skilja mellom bedriftene gjev utfordringar med omsyn til at opplæringa i bedrift også skal gje ei opplæring i den grunnleggande dugleiken å bruke digitale verkty.
- Skilje mellom elevar og lærlingar
- Med omsyn til digitale skilje mellom individ, referer vi til skilnadar i digital kompetanse (jamfør definisjonen av digital kompetanse tidlegare i planen). Der eksisterar store skilnadar mellom korleis ulike individ meistrar og ikkje meistrar digitale medium.
- Desse digitale skilja kan skuldast økonomiske forhold i heimen, med forsking viser at også den kulturelle kapitalen i heimen, kjønn og etnisitet er faktorar som bidreg til å skape og forsterke digitale skilje ([3]; [4]; Castells, Manuel).
- Dersom ein i løpet av opplæringa ikkje klarar å redusere desse digitale skilja vil enkelte ikkje verte rusta til å meistre den digitale kvardagen. Dette kan få store konsekvensar for den enkelte. OECD-rapporten “Are Students Ready for a Technology-Rich World? What PISA Studies Tell Us” peikar på at I ein tidsalder der IKT vert ein stadig større og viktigare del av daglegliv og utdanning, vil den minoriteten av elevar som har dåleg tilgang til IKT, som brukar IKT lite og som ikkje er fortrulege med IKT, prestere dårlegare enn andre. Forskarar fryktar at ein vil utvikle ei digital underklasse i åra som kjem. Ei utvikling som kan medføre at enkelte ikkje får vere samfunnsdeltakarar og deltakarar i demokratiet [5]. ”Å havne utenfor har kanskje enda større konsekvenser enn tidligere. Informasjon, tjenester og samhandling flyttes i rekordfart ut på Internett” (eborger 2.0 [6]).
- Litteratur: Frønes, Ivar (2002) Digitale skiller – utfordringer og strategier. ITU Monitor, skolens digitale tilstand. ITU
Lokale erfaringar
Sogn og Fjordane fylkeskommune har jobba aktivt for å tilpasse seg den digitale tidsalderen. Vi var ein av dei første fylkeskommunane i landet som hadde ei heilheitleg satsing på bruk av læringsplattformer i udervisinga og har sidan 2002 nytta Fronter i læringsarbeidet på alle skulane. Denne satsinga har vore ulikt fundamentert på skulane, noko som har gjort at nokre skular har kome lengre enn andre i pedagogisk bruk av dette verktøyet. Hausten 2008 vart det etablert ei halv stilling som ”LMS koordinator” som skulle styrke og samordne denne satsinga. Det har og vore satsa på bruk av berbar datamaskin og digitale læremiddel, mellom anna vart det hausten 2006 sett i verk forsøk i 6 klassar med bruk av berbare datamaskiner. Konklusjonane i forsøket var utelukkande positive, men peika og på at det må til ei betydleg kompetanseheving blant lærarar og elevar før ein kunne innføre dette i stor skala. ”Både elevar og lærarar meiner at elevane lærer meir, trivst betre og får betre digital kompetanse ved å jobbe på denne måten” Det vart jobba intensivt med å få innført berbare datamaskiner som obligatorisk verktøy på Vg1 frå hausten 2007, men dette vart ikkje realisert då politikarane ikkje ville prioritere dette då. Vi jobba likevel målretta for å få til ei innføring i 2008, noko vi lukkast med. Hausten 2008 innførte Sogn og Fjordane fylkeskommune berbare datamaskiner som obligatorisk verktøy for alle elevar på Vg1. Innføringa vart sett inn i ei ”pakkeløysing” som inneheldt fleire parallelle satsingar for å unngå eit einsidig fokus på maskinvare. Det vart satsa på kompetanseheving, stillingsutvidingar (epedagogar og ikt-ansvarlege) og infrastruktur (straum og nettverk) i tillegg til innkjøp av berbare datamaskiner. I satsinga låg det og inne ei forventing om å ta i bruk digitale læremiddel (t.d. NDLA) i større grad, noko som resulterte i ei lægre løyving til innkjøp av læremiddel til kvar enkelt skule.
Det er etablert etter- og vidareutdanningstilbod til nokre av dei vidaregåande skulane i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Fysiske rammefaktorar
Alle elevar i Vg1 har berbare datamaskiner. Av 1700 elevar har 1200 valt å kjøpe ein standardisert modell gjennom ein fylkeskommunal rammeavtale. Denne maskina betalar eleven ca. 2500 kr. (tilsvarande 3 gonger utstyrsstipendet til lånekassa) Dei andre elevane bruker eiga maskin ut frå eige ynskje. Alle skulane har tilgang til trådlause nett og er knytt mot felles identitetshandsaming (FEIDE). Alle skulane nyttar i dag Fronter som LMS og har fri tilgang til lærmiddel gjennom NDLA. I tillegg er det svært mykje meir tilgjengeleg digitalt innhald, både fritt og kommersielt som ein kan nytte seg av i undervisinga.
Visjon og hovudmål
Visjon
Våre elevar og lærlingar er rusta til å meistre den digitale kvardagen.
Hovudmål
Innan utgangen av 2012 er elevar, lærarar og skuleleiing digitalt kompentente:
1. Vi har etablert ein læringskultur der digital hjelpemiddel er med og aukar læringsutbyttet
2. Vi har ei opplæring med basis i ei felles LMS, der IKT er ein naturleg og integrert del av opplæringa
3. Vi har fjerna digitale skiljer i skulen
4. Vi har gjort oss nytte av den teknologien som finst
5. Vi har utvikla ein skule prega av ein delingskultur.
Strategi
Kva for strategiar skal vi nytte for å oppnå målsetjingane våre? Måten vi har fordelt ressursane våre seier noko om for kva for læringsstrategiar vi meiner fungerer best. Vi har valt ein kombinasjon av frie midlar, frikjøp av lokale ressurspersonar (epedagogar), auka satsing på teknisk drift (ikt-ansvarlege), sentrale kompetansehevingstiltak (kurs og konferansar) og etter- og vidareutdanning.
Vi skal skape ei heilskapleg digital satsing gjennom å etablere:
- Felles rammeverk for IKT-satsinga. Lokale IKT-planar som er basert på sentrale rammeverk og fylkeskommunale strategi.
- Grundig evaluering av satsing på berbare datamaskiner. Elevar, lærarar og skuleleiing skal vere med å evaluere ordninga slik ho er i dag og danne rettesnor for satsinga vidare
- Felles ordning for satsing på berbare datamaskiner i framtida. Vidareføring av ordninga med eleveigde berbare datamaskiner ut frå resultatet av evalueringa
1. Vi har etablert ein læringskultur der digitale hjelpemiddel er med og aukar læringsutbyttet.
Kvifor:
Her kjem tekst.
For å oppnå dette delmålet må ein nytte følgjande strategier:
a. Auke bevisstheiten til lærarar og elevar når det gjeld pedagogisk bruk.
b. Nytte tilgjengeleg og gode pedagogiske websider.
Tiltak:
i. Ha temaet oppe på planleggingsdagar i kollegiet.
ii. La elevar undervise lærarar i korleis dei brukar sosiale nettverk.
iii. Nytte kompetansen til kvarandre og særleg e-pedagog til å finne gode nettsider.
2. Vi har ei opplæring med basis i ei felles LMS, der IKT er ein naturleg og integrert del av opplæringa
Kvifor:
Her kjem tekst
For å oppnå dette delmålet må ein nytte følgjande strategiar:
a. Kompetanseheving for skuleleiing og pedagogisk personale.
b. Kompetanseheving for elevar og lærlingar.
c. Kvar enkelt skule og lærebedrift skal ha ein strategi og plan for bruk av IKT som integrert del av opplæringa
d. Ein skal ha skuleleiarar som integrerer den digitale delen av skulen med all anna skuleutvikling og som har vilje og evne til endring.
e. Utnytte LMS'en betre.
f. Bruke LMS'en i administrativt arbeide runt ein klasse.
g. God tilgang på teknisk og pedagogisk IKT-støtte.
Tiltak:
i. Etter- og vidareutdanning i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane
ii. Midlar til sentrale kurs og konferansar
iii. Lokale ressursar til epedagogar og frie midlar til lokal kompetanseheving
iv. Tilby oppdateringskurs i Fronter for kollegiet ved skulane.
3. Vi har fjerna digitale skiljer i skulen
Kvifor:
I ein tidsalder der IKT vert ein stadig større og viktigare del av daglegliv og utdanning, vil den minoriteten av elevar som har dåleg tilgang til IKT, som brukar IKT lite og som ikkje er fortrulege med IKT, prestere dårlegare enn andre. Bruk av IKT i skulen kan medverke til å jamne ut eit slikt digitalt skilje.
For å oppnå dette delmålet må ein nytte følgjande strategiar:
a. Kompetanseheving av lærarar
b. Infrastruktur (Tilgang på naudsynt utstyr).
c. Innføring av elev-pc på alle trinn
d. Syte for at alle utdanningsprogram får ta del i den digitale satsinga
e. Vi har etablert ei tilgjengeleg og effektiv brukarstøtte for tilsette og elevar. (Ansv: IKT , OA)
f. Fjerne digitale skiller
Tiltak:
i. Holde kurs i nødvendig programvare for utdanningsprogram
ii. Ha nok ressurser til ikt-ansvarlig til vedlikehald og oppgradering av infrastruktur
iii. Følge opp med berbar elev-pc på alle trinn
iv. Bruke e-pedagogressursene til interne kurs
v. Etablere ”DataSenter” på skulane (arena der elevar og tilsette kan få hjelp)
vi. Etablere vev-system for å melde og følge opp feil - for tilsette og elevar
vii. Standardisere kontorstøttesystem for elevar og lærarar (Ansv: ? - Kostnad: 700 000,- per år)
viii. Utarbeide plan for IKT-relatert opplæring til elevane (bruk av LMS, ordbøker, skriveprogram, handtering av PC (kjeldekritikk, nettvit, vedlikehald, virus, sikkerhetskopi), administrative program m.m.)
4.Vi har gjort oss nytte av den teknologien som finst
Kvifor:
Vi har alle fysiske føresetnader for å lukkast med den digitale satsinga vår (jfr. Kapittelet om fysiske føresetnader). Det finst svært mykje tilgjengeleg og god fri programvare, samt sosiale-medier som kan utnyttast i undervisningssamanhang.
For å oppnå dette delmålet må ein nytte følgjande strategiar:
a. Kompetansebygging og haldningsendring hjå lærarar og elevar
b. Gjere informasjon tilgjengeleg om kva ein skal bruke, korleis ein skal bruke det og når ein skal bruke det
c. Bruke e-pedagogane til å leggje tilrette for utprøving av eksisterande og ny teknologi
d. Etter- og vidareutdanning i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane
Tiltak:
i. Etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Sogn og fjordane
ii. Kursing internt ved bruk av epedagogane, fylket styrer
5. Skulen er i stor grad prega av ein delingskultur
Kvifor:
Her kjem tekst
For å oppnå dette delmålet må ein nytte følgjande strategiar:
a. Haldningsendring
b. Legge til rette for intern deling
c. Bruke skjermvideoar og opplæringsmateriell for å sikre framdrift i bruken av LMS.
Tiltak:
i. Kurse lærarane i bruken av delingsverktøy
ii. Jobbe fram teamtanken i større grad
Tiltak
Strategiane over seier noko om retninga vi ynskjer å gå. For å komme dit må vi konkretisere ein del felles tiltak. Mykje dreier seg om digital kompetanse og mange av tiltaka er allereie i gang. Likevel er det viktig å konkretisere dei her. Tiltaka er i samsvar med KS [7] sine fire prioriterte satsingsområde for IKT i grunnopplæringa:
- Leiing
- Kompetanseutvikling
- Digitale læringsressursar
- Digital vurdering
Tiltaka er no flytta over i eit dokument der dei er kopla mot strategiar og mål, for å lese dokumentet gå til denne lenka: http://docs.google.com/Doc?docid=0AZiVdUEm8spmZGQ0emZ0dDRfMmZjd21jaGZ3&hl=en
Hjelp
MediaWiki hjelp.
Sjå brukarmanualen for informasjon om bruk og konfigurasjonshjelp for wikiprogramvara.

