Møtereferat & Sakliste 08.11
Frå IKT-Strategi: Vidaregåande skular i Sogn og Fjordane
Innhaldsliste |
Sakliste
- Gjennomgang av visjon og mål (er no skrevne om til notid)
- Gjennomgang av strategiar (nokre av strategiane er tiltak)
- Kopling av tiltak og strategiar - Forslag - (må strategiar omformulerast?)
- Nye tiltak / fjerne gamle
- Skulane sin plan for utarbeiding av eigne IKT-strategiar
- Tidspunkt for ferdigstilling av plan (Medio Februar)
- Gjennomlesing på skulane og innspel på skulebesøk (Mars)
- Høyring (Medio Mars)
- HO (April)
- Vidare arbeid mot neste møte
Tilstades
Frode
Tom-Sølve
Danuta
Anders Hestetun
Magne
Anders Huke
Møtereferat
Diskuterar kort rundt Wiki og verktøyet vi skriv i. Oppdaterar Anders og Huke på arbeidet som er gjort så langt. Gjennomgang av arbeidsprosessen og planen framover.
Strategiar og tiltak:
Treng strategi og tiltak om kjeldekritikk.
Tiltak rundt kompetanseheving av elevar, kva informasjon skal elevane få, og når skal dei få den (VG1)?
Digital vurdering (tiltak rundt dette, eigenvurdering, Fronter som verktøy). Dette møter dokumentasjonsbehovet.
Klasseromsleiing.
Fagnettverk, delingsarena.
Køyrereglar for pc-bruk.
ITU-Mentor: http://www.itumentor.no/itumentor/Login.aspx
Oppfølging av Strategiplanen og skulane sine planar.
Infrastruktur - gode tilhøve til nett, lagring osv.
Døme på skjermvideoar (frå Buskerud) http://delicious.com/skjermvideo
Legge tilrette for skjermvidoar, gjere dei meir tilgjenglege. Gjere det mogleg å kome med ynskje om skjermvideoar. Skjermvideoar om Fronter. Oppskrifter.
Oppfølging
Det vart avtala at arbeidsgruppa skal kome med sine tilbakemeldingar på møtet her i møtereferatet, samt kikke på ITU-Mentor og ta stilling til om dette bør bakast inn i eit tiltak i planen.
På arbeidsøkt etter møtet vart det beslutta å gje strategiane og delmåla ei betre utforming, der ein fyrst seier noko om kvifor delmålet er med. Og så noko strategien ein skal bruke for å nå desse måla. Det er så tenkt at tiltaka skal seie noko om kva ein må gjere får å få til strategiane.
Kommentarar
Til neste gang bør gruppa ha klart for seg kva tiltak ein ynskjer å ha med. Eg meinar og at ein bør begynne å kople tiltak mot strategiar i planen. --Frode Kyrkjebø 10. desember 2009 kl. 11:01 (UTC)

