Møtereferat 06.01.10

Frå IKT-Strategi: Vidaregåande skular i Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Frå forrige gong har arbeidsgruppe medlemmane jobba med tiltak og sitt eige fokusområde. Ein har sett på koplinga mellom tiltak og strategiar og jobba med mål og visjon.

Innhaldsliste

Tilstades

Frode

Tom-Sølve

Torild

Magne

Anders

Forfall: Danuta og Anders Huke

Referat

  1. Ein diskuterte problematikk rundt tekniske skiller, då med stor vekt på programvare sida. OpenOffice og MS Office problematikk for lærarar. Ein kom og fram til at ein ikkje ynskjer å nemne namn på produkt i planen, men legge opp til tiltak som skal syte for samla satsing på programvare, også andre typar programvare enn kontorstøttesytem. Døme på slike ting: Adobe, Autocad osv.
  2. Fagnettverka si rolle i standardisering av progravare vart teke opp, og ein kom fram til at eit tiltak som tildelar nettverka ansvar for å kartlegge og prøve ut programvare var hensiktsmessig.
  3. Ein ynskjer å sette fokus på brukarstøtte, og her må ein sjå på moglegheitane for vevportal, datasenter, epedagogressursar og opplæring i starten av skuleåret. Det blir då kvar ein skild skule som får ansvar for å innvolvere naudsynte personar for å gjennomføre opplæringa.
    1. Tiltak som ansvarleggjer skulane til å gjennomføre opplæring/informasjon kvart skuleår.
    2. Datasentral
    3. Vevportal
  4. Epedagogar ynskjer minst 50% stillingsressurs.
  5. IKT-sikkerheit, behove for avgrensing av tilgangar, sikkerheit og kontroll. Ordensreglemang? PC-ordninga: Sjølveigd vs skulen driftar pcane.
  6. Ein ynskjer å kople mål - strategi - tiltak i ein tabell tilsvarande i Handlingsprogrammet: Rom for alle, syn for den enkelte.
  7. Elevvurdering, tiltak som tek for seg vurdering, og IKT-system rundt dette.
  8. Neste møte er lagt til Skei, 19. januar.

Til neste gong

  • Kvart arbeidsgruppemedlem tek ansvar for å undersøke behovet for klasseromsledesle/reglemang/kontroll-tiltak rundt bærbar pc.
  • Kvart arbeidsgruppemedlem les gjennom planen og kjem med endringar/kommentarar til neste møte på Skei 19. januar.

Kommentarar

Personlege verktøy