Møtereferat 15.12
Frå IKT-Strategi: Vidaregåande skular i Sogn og Fjordane
Frå forrige gang har ein omarbeida forankringa, og inkludert noko av den generelle delen av læreplanen. Ein har og prøv å sei noko om kva som kjenneteiknar ein at ein elev meistrar den digitale kvardagen. Definisjon av digital kompetanse er tilpassa slik at det seier noko om skule, lærar, elev og lærling. Det er og prøvd å få større samanheng mellom bakgrunn og visjon, slik at den raude tråden i oppgåva blir meir synleg.
Innhaldsliste |
Tilstades
Frode
Tor-Einar
Torild
Magne
Anders
Danuta
Referat
Det var orientert om arbeidet som har vore gjort rundt den innleiiande delen av strategiplanen. Koplinga mot mål og visjon er no sterkare, og gruppa var samd i utforming og innhald.
Tiltak:
Gruppa ynskjer å jobbe med tiltaksbiten av planen fram mot neste møte (Onsdag 6. januar/1 time telefonmøte). Kvar einskild får ansvaret for å sjå på tiltak rundt sitt fokusområde:
Tom-Sølve/Frode/Tor-Einar: Skuleeigar Torild/Magne: Skuleleiing Anders: Praktisk/teknisk tilrettelegging, eped/ikt ansvarleg Danuta+Magne+elev: Lærar/elevperspektivet (epedagog)
Det vart presisert at det blir viktig å tidsfeste tiltaka, og å gjere seg opp meiningar om kven som skal vere ansvarleg for dei ulike tiltaka. Ein annan viktig ting er å forankte plan, mål og strategiar hjå skuleeigar og skuleleiing, difor blir dette viktig å få fram i tiltaka.
Ein ynskjer å få med tiltak rundt:
- ITU-Mentor
- Intern opplæring kontra eksterne kurs osv.
- Epedagogar og auka ressurs til desse
Plan vidare
FOr å få fleire innspel på planen, skal den publiserast i Fronter og portalen.
Kvar enkelt jobbar vidare med tiltaka.
Koordineringsmøte Onsdag 6. januar).
Møte på Skei 19. januar. (Viktig med eit fysisk møte for å få effektivitet i arbeidet)
Utforming
Gruppa synast utforminga av planen var bra, men ein må rydde meir i strategiar og tiltak. Tiltaka må bli meir konkrete. Stragiane må formulerast bedre.
Til neste gong
Alle jobbar med tiltak rundt sitt fouksområde. Desse skal førast direkte i plan på wiki, eller i forslagskassa.
OA tek ansvar for den innleiiande biten og å rydde i strategiane, vidare gjennomgang av dette arbeidet 6. januar.

